Vanlige spørsmål
Svar på noen av de mest stilte spørsmålene om Vinstra kino.
Korleis bestillar eg HC-billettar til kinoframsyningane til Vinstra kino?
HC-plassane er fremst i salen, og er merka av på salkartet. Dersom du treng assistanse kan du ta kontakt med kinosjefen:
Kan ein kjøpe gåvekort til Vinstra kino?
Ja, det går an! Dei kan kjøpast i kassa på kinoen til valfri sum, eller til kr. 200 på servicetorget til Nord-Fron kommune.
Gåvekorta kan nyttast både i billettluka og ved bestilling av billettar på nett. Ein kan også nytte gåvekort til å kjøpe kioskvarar på Vinstra kino.
Er det mogleg å leige kinoen til privat bruk?
Ja, dette er mogleg. Kinoen kan leiast til både private og offentlege aktørar. Sjå når salen er ledig her!
Ved leige av kinosal for framsyning av film gjer vi obs på at det pågår utgifter for leige av kinomaskinist og eventuell visningsrettigheiter for rettigheitsbeskytta materiale.
Kvifor har ikkje alle filmar aldersgrense/sensur?
Sensur blir satt av Medietilsynet. På nokre filmar er ikkje sensuren klar før nærare premieredato. Vi har som oftast billettsal ope på filmar i god tid før premieredato, og opplev difor til tider at sensuren ikkje blir klar før same veke som premiere.
Med ein gong sensuren er offisiell ligg den på vår heimeside - vi oppmodar om å sjekke ut denne før de kjøper billettar til born på filmar kor det kan bli gitt høgare sensur enn antatt.
Kven avgjer kva filmar som blir sendt på Vinstra kino?
Filmprogrammet blir lagt av ei programmeringsgruppe. Filmar blir valgt på fleire kriterier, og det er viktig å få synt både kjende populære filmar og smalare ukjende filmar. Det er også eit poeng å syne sjangerbreidde i kinoprogrammet.
Dersom du har ønskje om film kan du ta kontakt med kinoen via vår chat på Facebook-sida vår.
Kor ofte syner de film på formiddagen?
Filmtilbod og etterspørsel avgjer når vi set opp film på formiddagen. Dei mest ettertrakta titlane blir som regel sett opp på tysdagsføremiddagen. Følg oss på Facebook og sjekk vår heimeside for oppdatert program!